Om bedrifta

Har du tankar om å bygge, ta gjerne kontakt med meg for ein uforpliktande prat om ditt prosjekt, hjelper deg gjerne i heile byggeprosessen fram til du er ferdig og kan ta tiltaket i bruk.

Tek på meg alt av små og store oppdrag for private og næringskundar, frå rehabilitering til nybygg, frå garasje, einebustader og fritidsbustader til butikk, industribygg, barnehagar og landbruksbygningar. Tilbyr arkitekturprosjektering, hjelp med byggesøknader, rådgjeving byggeteknikk, byggeleiing, kostnadskalkyler og uavhengig kontroll av våtrom og lufttettheit.

Det visuelle

Det å få fram realistiske teikningar opp mot slik det faktisk vert bygd er første prioritet, for å få det til vert det brukt teikneverktøy som er kompatibelt med det meste av dagens programvarer innafor byggeindustrien,  alt vert teikna i ein 3D modell slik at prosjektfilene kan delast vidare og alle aktørane i byggeprosessen får nytte godt av eit detaljert utgangspunkt for bestilling av bygningsdeler og materiell.

Kom gjerne med tankar og idear du måtte ha, så jobbar me fram ide skisser,  om du har skissert litt sjølv går det heilt fint, det viktigaste er å få eit godt resultat, der du har vore med gjennom heile prosessen og som svarar til dine forventningar.

Historie

Hafslo bygg service har arbeida med teikning, byggesøknader og prosjektering sidan 1996. Føretaket er eigd  og vert drive åleine av  Kjell Bjørn Neset.  Er utdanna teknisk teiknar,  har svennebrev og  mesterbrev som tømrar. Som namnet seier så held eg til på Hafslo, Klokkesteinvegen 55. Har mange  års erfaring  i byggebransjen og har vore utførande innan mur, betong og tømrarfaget før eg starta eige føretak.

Kundar er private huseigarar, kommunar, profesjonelle utbyggarar, rådgjevane ingeniørar eller arkitektar.

Hafslo Bygg Service - Sentralt Godkjent

Referansar

Hafslo Bygg Service har vore involvert i fleire typar prosjekt: barnehager, landbruksbygg, industribygg, byggeleiing,  anbodskonkurranser, rådgjeving innan byggesøknader, tekniske krav,  byggeteknikk, byggekostnader, søkar rollen, samordning av fag, prosjektleiing og meir.

 
mestermerket.png
Sentral_Godkjenning.png